Back
Thursday 10 November
Åpen forestilling: “Eg er ikkje forelska i Martin!”
18:00 - 19:30
Grab - Stakkevollan (map)
Velkommen på urpremiere av musikkdramaet “Eg er ikkje forelska i Martin!” Forestillinga er retta mot ungdom, men denne visninga er open for alle.
Forestillinga er inngår i den nasjonale markeringa av Skeivt kulturår 2022, som er 50-årsjubileet til avkriminalisering av homofili i Norge.
Eg er ikkje forelska i Martin er eit musikkdrama som utforskar kjærleiken mellom to unge kvinner på 1920-talet, og kontrasten til samfunnet 100 år seinare.
Vi møter hovudpersonen Dortea, som lurar på om det er noko galt med ho fordi ho ikkje klarer å sjå seg sjølv med mann og barn, slik alle veninnene hennar gjer. Gjennom brevveksling med bestevenninna Astrid oppdagar ho sin eigen legning, og innser at det ho kjenner for Astrid er meir enn venskap. Men kva gjer ho med desse kjenslene? Kor mykje kan ho røpe i breva? Og korleis veit ho kva Astrid føler? Førestillinga følger brevvekslinga mellom Dortea og Astrid, og Dortea si reise frå å kjenne seg annleis og utanfor til å finne menneske som liknar på ho sjølv.
«Eg er ikkje forelska i Martin» set fokus på kontrasten mellom dåtidas tausheit og notidas openheit, ein parallell som like gjerne kan spegle ulike kulturar i Noreg og verda i vårt århundre. Sårbarheit, utforsking og openheit er både tidlause og universelle tema, men har kanskje eit anna uttrykk i dag enn for 100 år sidan. Forhåpentlegvis er tida omsider inne for å tenkje “ja, muligens” i staden for “nei, sikkert ikkje” når ein ser på to av same kjøn som levde saman.
Manus og regi: Marte Fillan
Manus og musikk: Guro Utne Salvesen
Medverkande
Dortea: Guro Utne Salvesen
Dansarar: Eva Svaneblom og Synne Lundesgaard
Musikar: Solvei Stenslie
I samarbeid med Tromsø kommune og Arctic Pride, og med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord.
Forestillinga er gratis og åpen for alle!